Velkommen, Gjest. Vennligst logg inn eller registrer deg.
Har du ikke mottatt e-post for aktivering? Har du glemt passordet ditt?
Februar 07, 2012, 20:56:33
Hjem Regler Hjelp Søk Logg inn Registrer
Nyheter:

GaiaForum  |  Åpent Forum  |  Bok og film anmeldelser (Moderatorer: Hekate, Mleta, Foti)  |  Emne: Witches of Eileanan, av Kate Forsyth 0 medlemmer og 1 gjest leser dette emnet. « forrige neste »
Sider: [1] Til bunnen Skriv ut
Skrevet av Emne: Witches of Eileanan, av Kate Forsyth  (Lest 1007 ganger)
GF
Vedlikehold
*****
Utlogget Utlogget

Innlegg: 32





Witches of Eileanan, av Kate Forsyth
« på: August 05, 2007, 21:00:04 »

9 november 2003
Skrevet av Eir


Dette er historia om tvillingane Isabeau og Iseult, dei raudhåra tvillingsøstrene. Dei er krigaren og heksa som er utpekt til å fri landet Eileanan frå den onde dronninga, Maya.

 Boka startar når tvillingane er 16 år gamle, når den store kometen kjem att. Isabeau har vekst opp godt verna mot fare i dalen sin, som lærlingen til gamle Meghan of the Beast. Ho har lært alt om heksekunst, urter, dyr og elementa. Iseult derimot har blitt oppdratt som ein hard krigar, og tykkjer heksekunst og magi er noko tull. Ho drep for å overleve, og kjenner ikkje noko anna liv, før ho møter Meghan.

Maya, dronninga, tok over som herskar over Eileanan for 16 år sidan, og all heksekunst vart forbode. No lever heksene i djupaste løyndom og blir drepe, om dei blir oppdaga. Men no vil alle heksene kjempe mot dronninga. Eileanan er eit land som er fylt med magi, dragar og skogsånder.

Dette er første boka i ein serie på seks bøker. Mange trådar blir lagt fram gradvis, og driv deg til å lese vidare. Sjølv har eg ikkje lest resten av bøkene, men er spent på fortsetjinga. Dei finnes på engelsk, og kan bestillast frå Amazon, eller kjøpast hos butikkar som Avalon og Outland i Oslo.

Det eg likte best med boka var dybden i karakterane, noko som ikkje er så vanleg i fantasy. Dei tre hovudkarakterane er alle godt skildra og svær ulike. Dei spelar godt opp mot kvarandre, og har ei tydeleg utvikling gjennom boka. Også dei ”onde” karakterane har sympatiske trekk, det finnest til og med stunder kvar du føler med den onde dronninga Maya.

Også bipersonane var interessante og godt skildra. Plotet er godt, med nokre få svake punkt. Boka vekslar også fokus på kven som er hovudperson frå kapittel til kapittel, noko som både er interessant og irriterande, nå ein karakter blir forlatt midt i ei knipe.

Boka har også henta mykje frå paganisme og wicca. Namna på sabbatane vil vel dei fleste kjenne igjen frå wicca, og også måten dei fem elementa blir skildra og brukt på. Mykje er også henta frå keltisk mytologi. Forfattaren lar også karakterane snakke ei spesiell dialekt, som gir dialogane eit eige preg, men som ikkje gjer boka vanskelegare å lese.

Denne serien anbefalast for alle leselystne, som er interessert i fantasy og/eller paganisme.
Loggført
AnabellT
Nykommer
*
Utlogget Utlogget

Innlegg: 3





Sv: Witches of Eileanan, av Kate Forsyth
« Svar #1 på: August 28, 2007, 08:27:16 »

Har ikke lest denne, men vil prøve.. Høres bra og interesant ut..
Loggført

Let the rain fall.....
Sider: [1] Til toppen Skriv ut 
GaiaForum  |  Åpent Forum  |  Bok og film anmeldelser (Moderatorer: Hekate, Mleta, Foti)  |  Emne: Witches of Eileanan, av Kate Forsyth « forrige neste »
Gå til:  


Logg inn med brukernavn, passord og innloggingstid

Bygget på MySQL Bygget på PHP Powered by SMF 1.1.14 | SMF © 2006, Simple Machines LLC
SMF Theme © Gaia
XHTML 1.0 godkjent! CSS godkjent!